6. mars 2010

Når du e so langt nede som du aldri har vore før, går da berre ein veg..

Opp igjen :)

Takk Gud for da, eg hate å ve lei meg og i dårlig humør, føler at alle andre blir i dårlig humør og på grunn av at eg e da, so derfor prøve eg alltid å sjå på den lyse sio av ting, og dermed få fleire grunna til å ve blid og glad :) E godt når da kjennes ut som om ting endelig går litt meir i rett retning, eg begynne endelig å få livsgleden tilbake og heldigvis so klare eg endelig å gleda meg over ting i kvardagen igjen :)


Vennane mine har vore heilt fantastiske desse siste vekene, dei har fått meg til å smila og le igjen og dei har dytta meg på beina igjen når eg helst ville ligga nede, tusen takk ♥ Eg veit virkelig ikkje ka eg skulle ha gjort uten vennane mine, da e dei som held meg på beina når eg ikkje har krefter til å stå oppreist, da e dei som bringe solskinn inn i kvardagen min når da føles som om livet mitt e øveskya og fullt i sur nedbør, vennane mine betyr alt for meg, både dei eg kjenne godt og dei eg berre kjenne litt.. Alle som vise at dei e der for meg når eg har da vanskelig, e dei eg ser på som ekte venna, dei som e med deg i motgang og medgang ♥
Tusen hjertelig takk, dekan har redda livet mitt.. ikkje berre ei gong, men fleire (av og til uten å vita da ) ♥

Eg e ein ulykkesfugl, men når da kjem til venna, då e eg verdens heldigaste person! Eg har verdens mest fantastiske venna, eg e alt for lite flink å visa vennane mine kor utrulig mykje dei betyr for meg :)

Eg har og fått mykje uventa støtte den siste tide, eg har funne ut kem som virkelig e her for meg når eg har da vanskelig, som e med på godt og vondt :)

Noken vil kanskje sjå på da eg skriv her i bloggen som syting, men for meg e detta ein måte å takla problemane mine.. Detta e måten eg får satt ord på tankane og følelsane mine, og da gjer på ein eller an måte da lettare for meg å komma meg igjennom problema/ vanskelige ting.




Til dei der ute som les detta, husk at sjøl om du møte motgang so e da fortsatt eit lys i enden av tunnelen (sjøl om da ikkje føles sånn), da har eg blitt minnt på fleire gonga i da siste.. Da har hjulpe meg veldig mykje..

Men no e da tid for å sjå ein ny episode av Merlin, so om da e noke du lura på får du kommentera nedenfor ;-)
- Stine ♥


2 kommentarer:

  1. Blogg er for de som ikkje har anna å gjøøøør O:

    SvarSlett
  2. "Anonym sa...
    Blogg er for de som ikkje har anna å gjøøøør O:

    onsdag, mars 10, 2010 "

    Meiningslause kommentara på folk sine blogga e for dei som virkelig ikkje har noke å gjera på!

    SvarSlett